Søndag ettermiddag rykte naudetatane ut til eit branntilløp i ei leilegheit i Brattvåg. Årsaka skal ha vore tørrkoking i ein kjele.

Det skal ikkje vere snakk om personskadar, men politiet opprettar sak.

- Ved brann opprettar vi automatisk etterforsking, seier operasjonsleiar Eivind Klokkersund.