– To bilar involverte og vegen er stengd. Dette vil bli langvarig, skriv Vegtrafikksentralen Vest på X, tidlegare Twitter.

Politiet vart varsla om ulykka klokka 10.47.

Ein person er flogen til Førde sjukehus i luftambulanse, opplyser politiet i ei melding til pressa. Tilstanden til vedkommande er ikkje kjend.

Fire personar til er køyrde til sjukehus i ambulanse.

Vegtrafikksentralen opplyser at omkøyring for personbilar blir på fylkesveg 5690, medan større køyretøy må bruke riksveg 5.

(©NPK)