Fjordenes Tidende fekk tips om motortjuveriet onsdag morgon og snakka med politiet klokka 09.20. Då skulle ein patrulje reise til staden.

Tjuvane har tatt båtar som dei blant anna har frakta over til Maurstadvika og deretter tatt laus motorar som dei har køyrt vekk med.

Politiet har onsdag formiddag førebels ikkje oversikt over kor alle båtane tilhøyrer.

– Det er blant anna ein båt vi ikkje veit kor kjem frå. Båtane ligg på Kallneset.

Oppmodar folk om å sjekke naust

– Vi oppmodar folk til å sjekke nausta sine for å sjå om det er nokon som har stole motorar, bensinkanner eller brote opp naust, seier Gundersen og legg til:

– Det kan vere som det er nokon som har hatt eit raid i området, frå Kvernevik til steinbrotet og bortover mot campingen.

– Har de tal på kor mange motorar som er stolne?

– Nei, det har vi ikkje oversikt over enno. Vi har ikkje moglegheit å sjekke i alle nausta, men folk må melde inn til oss dersom dei ser at noko er stelt hos dei.

Politiet har oppretta ein sak.

– Då tar vi det frå der og oppdagar folk at motorar er vekke er vi interesserte i å få dokumentasjon og bilde og eventuelt serienummer på motorar for då får vi lagt det inn i registeret som etterlyst.

Ifølge Gundersen har tjuvane også vore inni eit naust litt lenger borte på Kallneset og tatt ein drivstofftank, men ikkje motorane på båtane her.

– Har de nokre spor å gå etter allereie no?

– Vi har ikkje meir enn at det låg igjen nokre verktøy på staden, eit brekkjarn og ein skiftenøkkel. Og dei har vi tatt beslag i.

Politiet er også interessert i tips dersom nokon har sett noko som kan vere av interesse i det aktuelle området.