Saman med fire andre klarte han å tippe sju riktige i Lotto, og sikra seg dermed over 2,7 millionar kroner.

- Fem nordmenn har all grunn til å juble og sprette konfettien, seier trekningsredaktør Nina Rundsveen.

Dei fire andre kom frå Bodø, Trondheim, Drammen og Bærum.

Bodø

- Hahaha! Herregud, eg har 180 i puls! No droppa vi Eurovision på TV og sprett i stadan proseccoen lenge før Rybak går på scena, sa den nybakte millionæren frå Bodø.

Norsk Tipping har ikkje greid å kome i kontakt med mannen frå Ulstein.