I Hjørungavåg er ein 20 fots Dolmøy skjærgårdsjeep meldt stolen. Båten har ein 90 hk Honda motor.

– Båten har blått skrog der «Fatboys» er skrive på sida, opplyser politiet søndag kveld.

Ikkje første

15. mai vart ein fritidsbåt meldt stolen frå Eikenosvågen ved Emblem i Ålesund. Båten er ein Yanmarin 58BR, med 115 hk Yamaha påhengsmotor, kvitt skrog og kvit kalesje.

– I samband med det vart det lagt igjen ein annan båt som også truleg er stolen, seier operasjonsleiar Per Åge Ferstad i Sunnmøre politidistrikt til Smp.no.

Ferstad seier at politiet gjerne vil ha tips frå folk som kan ha sett eller høyrt noko.