Ulven som ein fryktar har drepe ti lam og sauer på Hellesylt, blei søndag kveld observert i Søvikdalen og Ramstaddalen i Sykkylven. Jegerar i området fekk straks fellingsløyve på ulven. Frå før er det gitt fellingsløyve for ulv i Stranda kommune.

– Vi gav fellingsløyve i Sykkylven seint søndag kveld, opplyser Ulf Lucassen, som er konstituert assisterande miljøverndirektør hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Frårår hundar

Søndag var det vurdert å få hjelp av sporhundar frå Austlandet for å finne ulven som skal vere sett både i Stryn, Hornindal, Stranda og Sykkylven.

Illustrasjon. Foto: Roger Engvik

– Eg har rådd frå å bruke slike sporhundar og tilrådd postering, seier Lucassen, som meiner det vil vere betre at jegerar altså sit på post i området der observasjonar er gjort.

Han meiner ein må vere målretta og følgje opp der dyret er sett.

Sikker på ulv

– Kva om ulven blir sett til dømes i Ørsta. Kan han fellast der?

– Det får vi ta som det kjem, og vi vil følgje opp der ulven blir observert. Ein ulv kan flytte seg ganske mange mil i døgnet.

– Og de er sikre på at det er ulv?

– Ja, det er vi, seier han.

Ventar på observasjon

– Vi har ikkje sikker observasjon etter i går kveld, og vi går no og ventar på observasjon, seier Kjell Perry Drotningshaug, som er leiar i viltnemnda i Sykkylven.

Svensk ulv

Lucassen trur ulven som no er observert i Sykkylven kjem frå Sverige.

– Det blei gjort sikre observasjonar av to ulvar i Dovre andre veka i mai.

Den 15. mai blei ei ulvetispe felt i Vågå, og det er truleg partnaren som har vandra vidare.