To av dei eldste skipsutstyrsprodusentane i Møre og Romsdal får same eiger når Brunvoll i Molde kjøper Scana Volda.

– Dette er komplementære bedrifter, og vi har ei oppside spesielt på marknadssida. Dette er ein vinn- vinn situasjon, seier administrerande direktør Odd Tore Finnøy i Brunvoll.

– Kva planar har Brunvoll med Scana Volda?

– Selskapa skal bestå som før, med både produksjon og administrativ organisasjon i Volda. Dette blir eit samarbeid, og eg er sikker på at eigarskiftet vert godt motteke i Volda, seier Finnøy.

Snuoperasjon

Scana Volda er den største industriarbeidsplassen i Volda og produserer gir/framdriftsystem. Brunvoll sine produkt er på manøvreringsida, spesielt thrusterar.

– Kvar for oss leverer vi ulike produkt, ofte til same kjøpar. Vi kjem til å stå sterkare saman, seier Odd Tore Finnøy.

Brunvoll kjøper Scana Propulsion, som i tillegg til Scana Volda eig Scana Mar-El i Telemark. Seljar er Incus Investor, eit investeringsselskap utgått frå tidlegare Scana Industrier.

– Scana Propulsion har snudd ei negativ utvikling til å levere overskot, og no var det ein god timing for exit, seier styreleiar Bjørn Thorkildsen i Incus.

Nøgd seljar

Scana Propulsion hadde i 2015 i ein omsetnad på 318 millionar og eit negativt resultat før skatt på ein million.

– Men i år vert det overskot. Vi har hatt ei spanande reise saman med Scana Propulsion. Det har vore jobba godt i alle ledd for å snu selskapet, seier Thorkildsen.

Sal i to fasar

Salsummen er 84 millionar kroner. I tillegg er det inngått intensjonsavtale om sal av den store industrieigedomen i Volda sentrum.

Styreleiar Arthur Brunvoll i Brunvoll AS uttalar i ei pressemelding at kjøpet vil vere med å utvikle Brunvoll til å møte marknaden med ei breiare produktportefølje.

– Det er to selskap med lange tradisjoner og kompetanse innan den maritime marknaden i Norge, og internasjonalt, som går saman gjennom dette oppkjøpet, seier Arthur Brunvoll.