Terje Håkonsen, snøbretthelt og grunnleggar av Arctic Challenge, har allereie  vore på Stranda for å sjekke ut forholda. Og han var nøgd med det han såg.

– Det er to veker sidan Terje var der. Då Terje stod på Paviljongen Roalden og såg utover Sunnmørsalpane samanlikna han det med dei beste stadane i Alpane. Han har vore der tidligare, og fekk no stadfesta igjen at det er eit spektakulær stad, seier Trude Lerfald, dagleg leiar i The Arctic Challenge til smp.no.

– Køyrerane han inviterer er veldig kresne, og det er Terje også. Han er veldig nøgd med Stranda som mogeleg arrangørstad for The Arctic Challenge, seier Lerfald.

Det var avisa Sunnmøringen som skreiv om denne saka først.

Berre Stranda

Stranda er no den einaste aktuelle destinasjonen for desse snøbrettleikane i 2016.

– No har vi berre auga for Stranda. Vi har sett på andre stader, og vi hadde ein som nesten vart kontraktsfesta, men det gjekk ikkje. Vi ser ikkje Stranda som ein dårleg løysning, men er heller glad for at det ikkje gjekk med dei andre, seier den daglege leiaren.

The Arctic Challenge ønskjer å binde seg til den destinasjonen dei får ein avtale med i minst tre år.

– Vi kjem ikkje til å inngå noko samarbeid med nokon partenerar utan at det er tre års perspektiv. Då vert dette heimen til The Arctic Challenge i tre år. Det hadde vore bortkasta om vi skulle trekke oss neste år. Vi ser dette som den beste arenaen for arrangementet, seier ho.

Dermed kan Stranda få besøk av dei største namna innan snøbrett. Men det er skjær i sjøen, og som vanleg er økonomi spørsmålet som treng svar, men Lerfald er klar på at dei også ønskjer at lokalsamfunnet skal sitte att med noko dei også.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik Sunnmørsposten på Facebook

Forankring

– Vi er avhengig av at dette er noko som dei som bur på Stranda og i regionen ønskjer. Arrangementet må vere forankra lokalt, og vi er audmjuke i den grad at vi ikkje vil kome brasande inn med ein internasjonal storhending utan å skape verdi lokalt, seier Lerfald.

Ho ser føre seg å samarbeide både med idrettsfag- og restaurant- og matfaglinja på Stranda vgs. I tillegg håpar ho at Stranda Skisenter, næringslivet og turistoperatørane i regionen kan tene på arrangementet.

– Det er en del av heile konseptet, også livsstil og mat. Dessutan vil vi gjere oss nytte av områda rundt også. Det kan vere fisketurar eller å reise og sjå på andre opplevingar i regionen.

Med seg på laget har The Arctic Challenge tv-kanalen ESPN. Det kan gi merksemd for regionen langt utanfor Norges grenser.

– Kanalen har 92 millionar abonnentar og ein eigen World of X-games-kanal med ein million sjåarar. Den skal vise frå The Arctic Challenge. Då eg snakka Tim Reed frå ESPN i går, var han veldig imponert av det han hadde sett.

Nedskalering

Om det vert The Arctic Challenge på Stranda i april, så vert dei i ein mindre versjon enn tidlegare.

– Budsjettet var på ti millionar, men det vi truleg trenger av støtte og investeringar lokalt, er estimert til mellom tre og fire millionar. Truleg kjem vi til å gå for eit meir spissa konsept og event i 2016, så får vi heller vekse i åra framover, seier ho.

I morgon skal styret i The Arctic Challenge handsame forslaget om Stranda som arrangørstad.

Les fleire nyhende frå indre her