– I strid med viljen til Volda

– Å lyse ut med førti minutts avgangar er stikk i strid med det Volda kommune tidlegare har kravd. Riksvegsambanda skal ha tjue minutts avgangar, så dette er ei rein nedbygging av sambandet, seier Folkestad.

Han ynskjer litt meir detaljerte opplysningar frå vegvesenet, til dømes om det er meint førti minutts avgangar tjuefire timar i døgeret, eller eventuelt når fyrste og siste ferje går.

Han er også skeptisk til vegvesenet sine planar om utsleppsfri ferje i dette sambandet. Folkestad tvilar på om det let gjere å få til nye ferjekaier innan 2020.

– Det vil vere umogleg å byggje nye ferjekaier med ladestasjonar innan 2020. Ikkje på nokon side av fjorden er det infrastruktur eller elforsyning som vil stette krava til batterilading, seier Folkestad.

- Må vente på Voldsfjordbrua

Han meiner vidare at det er realistisk å tru at det kan kome byggjestart på sambandet med bru over Voldsfjorden i løpet av fem til seks år.

– Det som denne nye utlysinga av ny ferje/nye ruter over Voldsfjorden viser, er sløseri med offentlege midlar. For Volda – Folkestad er det einaste rette å lengje eksisterande avtale, seier Folkestad.

Det er sett frist til å kome med tilbod innan 15. januar 2018. Det vert også lagt opp til at operatøren av sambanda Festøya – Solavågen og Volda – Folkestad skal ha på plass ei felles reserveferje.

Saka vart ført publisert på Mørenytt.