– Vi forstår kvifor Stranda kommune treng ein eigedomsskatt. Men vi vil ikkje akseptere det vi ser på som rein forskjellsbehandling, seier Odd Christian Øverland.

Måndag vart det bestemt på styremøte i eitt av vegeigarlaga på Strandafjellet at dei vil oppmode medlemma om å gå til boikott av næringslivet i Stranda kommune. Dei representerer nærare 100 hytteeigarar.

Les også: Ventar 7,2 mill i inntekter

Fastbuande-rabatt

Bakgrunnen er at kommunen set høgare takst på hytter enn på andre bustader i kommunen når dei bestemmer den nye eigedomsskatten. (Sjå faktaboks om eigedomsskatt).

– Vi meiner at fastbuande får ein «rabatt» på eigedomsskatten. Likningsverdien på hytter set Stranda kommune nært, og nokre gonger over marknadspris. Mens bustader nede i sentrum får likningsverdi som er mykje lågare enn det dei faktisk blir selde for. Det kan ein lett kontrollere ved å sjekke finn.no opp mot listene over eigedomsskatt, seier Øverland.

Han innrømmer at boikott ikkje er ei ideell aksjonsform, men at det er einaste måten dei kan legge press på kommuna.

– Vi har liten innverknad på dei folkevalde her. På denne måten vil vi signalisere at vi trass alt tilfører kommunen viktige verdiar som dei no risikerer å skremme vekk, seier Øverland.

På kanten

Utredningssjef i Huseiernes Landsforbund, Dag Refling, meiner Stranda kommune kan få problem.

– Dette er mildest talt på kanten, og etter mi meining eit av dei verste utslaga av lokaldemokratiet. Vi ser at hyttekommunar landet over prøver seg på liknande taktikkar, men dette er åpenlys diskriminering av skattebetalarar. Mellom anna har Hjelmeland kommune sett seg nøydd til å snu i ei liknande sak, seier Refling.

Rammar seg sjølv

Ordførar Jan Ove Tryggestad seier at all taksering er gjort innafor lova, og er redd hyttefolket skyt seg sjølv i foten. Det blir ikkje aktuelt å snu, seier han.

– Ei slik aksjonsform bidreg berre til å gjere kommuneøkonomien verre, og gjer oss dårlegare rusta til å levere dei tenestene dei ventar av oss, seier han.

Les fleire nyheiter frå Indre Sunnmøre på smp.no

Utredningssjef i Huseiernes Landsforbund, Dag Refling.