Det skjer på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal. Den tidlegare direktøren i Norsk Polarinstitutt er foredragshaldar på årets første polarkveld.

Det synest klart at korkje Cook, Peary eller Byrd kom heilt fram til Nordpolen. Så mange trur nok at Wally Herbert tok den rekorden, men det er feil, han kom eit år for seint, heiter det i den pirrande pressemeldinga som dagleg leiar ved ishavsmuseet, Webjørn Landmark, har sendt ut.

Han lovar at svaret gir Olav Orheim fredag kveld.

Webjørn Landmark spør kven som kom over drivisen i 1968, og antydar at her ligg også svaret.Han legg til at med fallskjermhopp og undervassbåt kom militære frå Sovjet og USA der endå mykje tidlegare, som oftast utan mediemerksemd, i motsetning til dei som planta flagget på havbotnen.

I dei seinare åra har det vore ei rekkje svært imponerande fysiske prestasjonar over polisen, også utan støtte, og i vinternatta. Etablering av turistinn- kvartering på Nordpolen frå 1993, har ført til eit heilt nytt sett av originale rekordar.

Mange ekspedisjonar

Olav Orheim er utdanna glasiolog, og har leia mange ekspedisjonar både til Arktis og Antarktis.

Han tok doktorgrad i glasiologi ved Ohio State University, og vert i dag rekna som ein av verdas leiande isbreforskarar.Olav Orheim, som byrja ved Norsk Polarinstitutt i 1965 som vitskapleg assistent og var direktør i 12 år, hadde ei sentral rolle i oppbygginga av forskingsstasjonen Troll i Dronning Maud Land i Antarktis.

17 gonger i Antarktis

Olav Orheim har vore heile 17 gonger i Antarktis, og 10 av gongene som leiar for norske og internasjonale ekspedisjonar.

Han har sett sterke spor etter seg som initiativtakar og pådrivar for polarforsking. Han har også vore åtte somrar som forskar på Svalbard og Jan Mayen.

Opna ishavsmuseet

Olav Orheim har også sterke band til Brandal. I 1999 fekk han æra av å stå for opninga av Ishavsmuseet Aarvak.

Han var også initiativtakar til Norsk Bremuseum i Fjærland og til opplevingssenteret Polaria ved Polarmiljøsenteret i Tromsø.