Men fylkeskommunen som tunneleigar manglar pengar til å ordne opp sjølv i Fannefjordtunnelen som står øvst på lista.

Brannøvinga i Fannefjordtunnelen ved Molde 3. oktober i fjor viste at brannvesenet ikkje kjem inn under ein brann, fordi ventilasjonen er for dårleg og brannbilane kan ikkje snu nede i tunnelen.

Sjå lista nedst i saka over kva tunnellar som må setjast i stand

Det kostar 199 millionar kroner å ordne opp, og det må skaffast nye 70 millionar kroner i budsjettet.

Godøy

Godøytunnelen står på andreplassen på tiltakslista. Det er kalkulert med at det kostar 175,2 millionar kroner å setje den tunnelen i slik stand at den oppfyller krava.

Deretter kjem ei liste over tunnelar som må setjast i stand for store summar (sjå nedst i saka).

Fylkesrådmannen ryggar tilbake for desse rekningane, og har laga ei liste B med det aller mest nødvendige som er litt billegare. Men det står klart at B-tiltaka ikkje er gode nok. Eit sentralt B-tiltak er å skifte EX-kabelen som forsyner aller dei tekniske installasjonane.

Særleg i tunnelar med over 2000 bilar i døgnet er berre B-tiltak uforsvarleg, heiter det.

I nokre av tunnelane sig vatn inn. Det er særleg i dei undersjøiske. Tunneltak kan falle ned, og PE-skummet er brannfarleg og giftig, les vi om tilstandane.

Etterslep

Før denne saka kom på bordet hadde fylkeskommune store etterslep i vedlikehald av vegar, bruer og tunnelar, opplyser Oddbjørn Vatne som leier samferdselsutvalet.

Det var tale om 4,5 milliardar kroner netto.

– Dersom det vert same reglar for fylkeskommunale tunnelar som for dei statlege, må staten også tilføre fylkeskommunen pengar og vi må vere sikre på at pengane kjem i fleire år framover, seier Oddbjørn Vatne.

Fylkeskommunen skal få 78 millionar kroner meir til samferdsel og desse pengane kan brukast til å betale rente på lån. Mange av dei tunnelane som er med på lista til fylkesrådmannen er tunnelar som er overtekne frå staten.

Må gjerast

– Vi kan ikkje prioritere bort tryggleiken til innbyggjarane.

Dette skriv fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik til fylkestinget om tunnelane.

For bilistane er det likegyldig om det er fylkeskommunen eller staten som eig ein tunnel, påpeikar rådmannen som legg fram tunnellista som fylkestinget bad om.

Nødvendige sikringstiltak er slikt som naudtelefon, stengebommar i endane på tunnelane, lekkasjesikring, brannventilasjon, havarilommer, snunisjer, naudstraum og meir.

Tunnellista

Her er lista over tunnelane i Møre og Romsdal som må setjast i stand. Berre Fannefjordtunnelen med 199 millionar kroner og Godøytunnelen med 175,2 millionar kroner står med full pris på lista.

Dei andre tunnelane har minimumsløyving og kva som burde vore brukt for å tilfredsstille krava i parentes:

  • Selvågtunnelen 28,9 millionar kroner (67,3)

  • Remefjell 16,07 (26,8)

  • Reme 15,4 (24,3)

  • Øksendal 101,2 (176,4)

  • Overå 38 (57,5)

  • Blikshammar 33,1 (48,2)

  • Linge 25 (34,5)

  • Viset 30,8 (50)

  • Stordal 70,4 (113,5)

  • Ringset 13,9 (22,2)

  • Sævik 22,4 (42,4)

  • Heggur 87,8 (182,1)

  • Vike 72,6 (137,3)

  • Skjegghammar 17,6 (35,4)

Fylkesrådmannen opplyser at det er liten skilnad på det ei skikkeleg oppgradering kostar og ei B-løysing som ikkje oppfyller tryggleikskrava.

Dyrt klattverk

– Dette gjer at det ikkje er tilrådeleg å gjennomføre eit avgrensa tiltak, men gjere det fullgodt når ein først set i gang. Dette gjeld særleg dei tunnelane der årsdøgntrafikken er over 2000, skriv han.

Nokre tunnelar står berre på A-lista og det er ikkje rekna mimimumstiltak. Det er Fjøretunnelen 35, 4 millionar kroner, Sandodd 23,2, Oppskred 17,9 og nokre få millionar kroner til Atlanterhavstunnelen og Dyrkorntunnelen.

Hellesyltporten, Voldshammartunnelen og Høydalstunnelen er mellom dei under 500 meter lange som ikkje er kostnadsrekna, men som kan setjast i stand over drifta.

Eiksundtunnelen, Helgehorntunnelen, Streketunnelen, Alnestunenlen og Leiratunnelen er mellom dei tunnelane som oppfyller tryggleikskrava.

Fylkesrådmannen tilrår at fylkestinget ber om tiltaksplan for fylkesvegtunnelane etter alternativ A, og at tunnelar med over 2000 bilar i døgnet, dei som har EX-kabel som forsyner installasjonane inne i tunnelen og undersjøiske tunnelar vert prioriterte,

Fylkesvegtunnelen mellom Giske og Godøya står på andreplassen på tiltaksplan A i Møre og Romsdal. Dersom denne tunnelen skal setjast i same stand som det staten krev for sine riksvegtunnelar kostar det 175 230 756, 94 kroner. Det er ikkje klart når desse pengane kjem.