109 frå Sunnmøre søkte Politihøgskolen i fjor, og så mange som 21 av dei møtte til studiestart etter å ha kome seg gjennom opptaksprøven. Dette går fram av ei pressemelding som Sunnmøre politidistrikt har sendt ut.

Året før møtte berre sju av 73 søkjarar til studiestart. 1. februar opna nettsøknaden til politistudiet. Målet er å få rekordsøknad.

Vil ha folk frå ytre og Stor

Det vert opplyst at i årets studentkull har vi søkjarar frå mange sunnmørskommunar. Dei fordelte seg med flest frå Ålesund (48), og bak der Ørsta (13), Volda (7), Giske (7), Stranda (7) og Vestnes (6).

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Sunnmøre politidistrikt oppmodar spesielt nye søkjarar frå kommunane på ytre søre Sunnmøre og innover Storfjorden til å velje politiet som yrkesveg. Aldri har det vore så lett å få seg arbeid.

Ni av ti i jobb

Av dei som bestod eksamen i 2014-kullet, har 87,9 prosent fått jobb i politiet, og 38,4 prosent av desse har fått faste stillingar.

Justisminister Anders Anundsen (Frp) har uttalt at veksten skal halde fram. 720 nye studentar skal takast opp kvart einaste år på Politihøgskolen, og i tillegg skal påtalesida styrkjast.