19. mai blir det folkerøysting i Ørsta og Volda. Spørsmålet alle frå 16 år og oppover blir bedne om å svare på er om Ørsta og Volda skal slå seg saman.

– Eg skal innrette meg etter folkemeininga, lovar Stein Aam, Ørsta-ordførar og motstandar av samanslåing.

Så sjølv om kommunestyra i dei to kommunane i to dagar har vore samla i Loen, så er det til sjuande og sist innbyggarane som skal avgjere spørsmålet, rett nok ved ei rådgjevande folkerøysting.

– Vi må likevel setje ei grense for kor låg oppslutnaden kan vere for at vi skal kunne leggje vekt på avrøystinga, seier Volda-ordførar Jørgen Amdam (Ap).

– Og namnet på den nye kommunen?

– For meg er det enkelt: Ørsta Volda kommune, svarer Stein Aam (Sp).