Det var høgtidsstund i klasseromet då kontaktlærar Monika Nilsen Lande ynskte førsteklassingane velkomen og orienterte om rutiner som kva som skjer når det for eksempel ringjer ut til friminutt og inn til ny time. Og sjølvsagt mange andre rutiner som det er viktig å vite om for at skulekvardagen skal gå greitt.

Samansveisa gruppe

I første klasse på Emblem skole går det dette skuleåret 18 elevar - 11 jenter og sju gutar. Alle elevar så nær som ein har gått i barnehage saman. Derfor kjenner elevane kvarandre godt, og er allereie ved skulestart ei godt samansveisa gruppe. Det er ein stor fordel.

Har du eit bilde frå den første skuledagen til ein av dine som du vil dele med smp.no sine lesarar? Send det til oss på på 95 400 400, 95400400@smp.no eller nytt #smpno på Instagram, så legg vi dei ut etterkvart.

Ekstra tryggleik

Første skuledag var foreldre sjølvsagt med førsteklassingane sine på skule. Like før første skuletime var over, kom fadderar frå femte klasse inn i klasseromet for å gjere seg kjende med dei nye elevane som berre er seks år gamle. Fadderordninga gir ekstra tryggleik.

Førsteklassingane Marie og Simon vedgår at dei har vore litt spente på korleis den første skuledagen ville verte. Men då første time var over, gav dei uttrykk for at det hadde gått greitt.

Ved Emblem skole går det dette skuleåret 167 elevar. På dei tre første klassetrinna er det ei klasse, medan det er to klasser frå fjerde til og med sjuande klassetrinn.

Inspektør Øyvind Hildre fortel at det har vore ein liten nedgang i elevtalet dei siste par åra. Han ser for seg at elevtalet kjem til å svinge litt dei næraste åra. Men på sikt trur han på aukande elevtal, i og med at Emblem er ein del av Ålesund der det i framtida vil vere attraktivt for unge familiar å etablere seg.