Sanco Holding fekk i fjor driftsinntekter på 243 millionar kroner og eit resultat før skatt på 92 millionar.  Driftsresultat før avskrivningar (EBITDA) var på 164 millionar kroner, det tilsvarer ein EBITDA-margin på heile 67 prosent.

– Vi er godt fornøgd med resultatet i fjor, seier gründer, dagleg leiar og styreleiar Ivar Slettevoll.

Sanco auka dermed driftsinntektene i 2013 med bortimot 60 millionar kroner i forhold til året før. Resultatet før skatt auka med 27 millionear kroner.

Følg smp.no på Facebook

Nye skip

Sanco fekk i juli i fjor levert seismikkskipet «Sanco Sword» frå Myklebust Verft. I  mars i år var det dåp av søsterskipet «Sanco Swift»,  begge skipa er på lange kontrakter med Dolphin Geophysical.

Ifølge Slettevoll er utsiktene gode, og dei  har full beskjeftigelse på alle skipa i 2014 og 2015.

Utsikter

Alle skipa arbeider med seismiske undersøkingar eller som støttefarty for slike. Ifølgje årsmeldinga, er det venta ein svak vekst i seismikkmarknaden dei komande åra. Dei to nyaste skipa er imidlertid isforsterka for å også kunne gå i nordlege områder.

Konsernet har i underkant av 200 tilsette på sjø og land.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Største eigarane

Slettevoll eig saman med kona Bjørg og broren Bjarte 59,6 prosent av Sanco Holding. Dei øvrige store aksjonærane er broren Hallvard Slettevoll, Atlantic Invest, Oddmund Holmen, Kåre Sindre Nyvoll og Godø og Røren AS.

Ifølgje Ivar Slettevoll ser dei også på moglegheitene for å investere i eit nybygg til.

– Men det foreligg ikkje konkrete planar enno, seier han.