Det skriv Ottar Grepstad i «Språkfakta 2015». Direktøren i Nynorsk kultursentrum har i 20 år arbeidd med å utvikle, samle og analysere statistikk som dokumenterer utbreiinga av språk. No er det heile samla i «Språkfakta 2015», med undertittelen «Ei forteljing om språk i Noreg og verda».

Press

Grepstad har m.a. funne at der engelsk blir meir brukt, går det mest ut over bokmål, særleg i vitskap, næringsliv og underhaldningsindustri. Talt bokmål er dessutan under press frå dialektar både i radio og tv, og blant dei som bur i vest og nord, skriv nynorskdirektøren.

20 kapittel

Grepstad har redigert 867 tabellar og kommenterer alle. Frå og med Den europeiske språkdagen 26. desember vert eit nytt kapittel av Språkfakta publisert kvar dag på Aasentunet.no, fritt tilgjengeleg for alle.

Stabil

På nesten alle område som kan målast er nynorsken ganske stabil over lang tid. Av vel 4,2 millionar innbyggjarar over 15 år i 2015 er bokmål førstespråket for 3,6 millionar menneske, og nynorsk for om lag 600.000. Fire av ti nynorskbrukarar er reelt tospråklege ved at dei brukar nynorsk og bokmål om lag like mykje, skriv Grepstad.