Partiet vil at publikum skal kunne drikke alkohol undervegs i kampane på norske tribunar, seier stortingspolitikarane Turid Kristensen og Bård Ludvig Thorheim til TV 2.

– Eg har lyst til at vi skal kunne gjere som i det store utland: Å kunne servere alkohol på stadion, seier Kristensen til kanalen.

– Både for publikum si skuld, det er jo ofte hyggeleg, men også for klubbane, for det gir auka inntekter for dei.

Thorheim meiner alkohol dessutan er ein del av kulturen og oppladinga før kamp.

Olaug Bollestad, leiar i Kristeleg Folkeparti, seier ho er «dundrande ueinig» med Høgre. Ho påpeikar at barn og unge også deltek på idrettsarenaer og meiner at det er unødvendig å ha alkohol for å sjå ein fotballkamp.

Heller ikkje Norges Fotballforbund og Norges idrettsforbund er interessert i eit slikt forslag. NIF peikar på at dagens reglar om at klubbane kan søkje om alkoholservering på tilviste område, fungerer bra.

(©NPK)