Det opplyser kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel i Utanriksdepartementet til TV 2 måndag. Han seier at departementet har fått mange førespurnader frå norske borgarar i Israel og på Gaza det siste døgnet.

UD kan ikkje gi noko eksakt tal på på kor mange nordmenn som er i Israel og Palestina, men viser til talet på registrerte i appen Reiseklar.

Ifølgje Hoel er det i tillegg til dei 500 registrerte i Israel, også 75 norske statsborgarar i Palestina. Han seier at departementet har grunn til å tru at det reelle talet er høgare.

(©NPK)