Ulykka skjedde på E39 ved eit kryss ved Solevågseidet på Sula. I følgje vitner på staden skal to bilar vere involvert i ulykka, og det ser ut til å dreie seg om ein påkøyrsel bakfra.

- Det er ikkje meldt om personskadar, men vi vil sende ei patrulje sidan dette er eit område med stor trafikk, seier operasjonsleiar Ole Bjørn Harang ved Sunnmøre politidistrikt til smp.no.

Politi og brannvesen rykka ut til staden.

Det er førebels ikkje meldt om lange køar forbi ulykksstaden.

Klokka 14.40 opplyser operasjonsleiar Harang at ein person er køyrt til legevakta i Sula for kontroll.

- Det var ein del oljesøl i vegbana, men dette har brannvesenet no fått fjerna. Bilberging er rekvirert og ei politipatrulje bidrar med dirigering av trafikken.