Men fylkeskommunen som tunneleigar manglar pengar til å ordne opp sjølv i Fannefjordtunnelen som står øvst på lista.

Brannøvinga i Fannefjordtunnelen ved Molde 3. oktober i fjor viste at brannvesenet ikkje kjem inn under ein brann, fordi ventilasjonen er for dårleg og brannbilane kan ikkje snu nede i tunnelen.Det kostar 199 millionar kroner å ordne opp, og det må skaffast nye 70 millionar kroner i budsjettet.

Godøy

Godøytunnelen står på andreplassen på tiltakslista. Det er kalkulert med at det kostar 175,2 millionar kroner å setje den tunnelen i slik stand at den oppfyller krava.

Deretter kjem ei liste over tunnelar som må setjast i stand for store summar.Fylkesrådmannen ryggar tilbake for desse rekningane, og har laga ei liste B med det aller mest nødvendige som er litt billegare. Men det står klart at B-tiltaka ikkje er gode nok. Eit sentralt B-tiltak er å skifte EX-kabelen som forsyner aller dei tekniske installasjonane.

Særleg i tunnelar med over 2000 bilar i døgnet er berre B-tiltak uforsvarleg, heiter det.

– Fylkestinget tek tryggleiken for dei vegfarande, redningsmannskap og vedlikehaldsfolk på stort alvor, står det i tilrådinga til vedtak.

I nokre av tunnelane sig vatn inn. Det er særleg i dei undersjøiske. Tunneltak kan falle ned, og PE-skummet er brannfarleg og giftig, les vi om tilstandane.

Etterslep

Før denne saka kom på bordet hadde fylkeskommune store etterslep i vedlikehald av vegar, bruer og tunnelar, opplyser Oddbjørn Vatne som leier samferdselsutvalet.

Det var tale om 4,5 milliardar kroner netto.

– Dersom det vert same reglar for fylkeskommunale tunnelar som for dei statlege, må staten også tilføre fylkeskommunen pengar og vi må vere sikre på at pengane kjem i fleire år framover, seier Oddbjørn Vatne.

Fylkeskommunen skal få 78 millionar kroner meir til samferdsel og desse pengane kan brukast til å betale rente på lån. Mange av dei tunnelane som er med på lista til fylkesrådmannen er tunnelar som er overtekne frå staten.

Oddbjørn Vatne, leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal.