Snøskredet på Standaleidet 11. mars 1965 er spikra fast i minnet til Randi Lothe Flemmen. Denne dagen kunne lett ha blitt hennar siste, men marginane var i hennar favør.

Raset som lett kunne ha kosta henne livet har gjort henne reddare, og i åra etterpå har ho likt seg best på store flater. Opp gjennom åra har ho likevel vore på fleire av dei høge Sunnmørsalpane.

Snakka lite om raset

Snøraset har ikkje vore noko stort tema i ettertid. Det har ikkje vore snakka mykje om, men for nokre år sidan fann ho ut at ho ville skrive ned korleis ho opplevde hendinga. Artikkelen der ho detaljert skildrar den dramatiske opplevinga, blei publisert i Voldaminne i 2013.

– Det slo meg då eg skreiv dette, at eg aldri eigentleg har fortalt ungane mine om opplevinga og denne kjensla av akkurat å vere vekke og så bli redda, fortel Flemmen.

Som ung kroppsøvingslærar ved lærarskulen i Volda leia ho eit fjellskikurs på Standaleidet, der blant anna snøskred stod på programmet. Kurset skulle avsluttast med ein tur til Kolåstinden, men vêrforholda gjorde dette umogleg. I staden fekk dei råd om å gå på andre sida av eidet, i ei løype som skulle vere trygg. 50 skiløparar gjekk i ei lang rekkje oppover. Etter kvart stoppa nokre av dei for å skrape unna klabbar på skiene. Som leiar ønskte Flemmen å halde troppen samla og la i veg etter første gruppa. Plutseleg høyrde ho nokon rope bak seg, og ho ser ein som veivar med armane.På automatikk snur ho skiene for å køyre ut av skredet, slik ho har fått prenta inn på skredkurs, men ho rekk berre å svinge venstreskia halvvegs bakover, før ho blir treft av ei bølgje med veldig kraft.

Som støypt i sement

Randi blei liggande med hovudet ned og beina opp. Nakken var bøygd ekstremt bakover og armane var dregne rett ut til sida. Alt var svart og stille. I Voldaminne skildrar ho det slik:

«Plutselig registrerer jeg en rar tynn pipelyd. Eg prøver å trekke til meg armene, men de er som støpt i sement. Ingen panikk, ingen redsel. Eg forstår at det er min egen pust jeg hører. Underbevisstheten forteller meg at jeg ikke må bruke krefter på å kjempe, bare slappe totalt av. Så blir alt svart igjen.»

Ho kjenner det ho skildrar som eit uuthaldeleg trykk i brystet, og ho kan ikkje puste. Det var som å drukne: «Det er på grensen til hva du kan greie, slik som når du prøver å holde pusten under vann og du kjenner at nå, nå går det ikke lenger. Jeg er der, jeg greier det ikke lenger.»

– Viss eg hadde opplevd dette ein gong til, ville eg ha fått panikk, og då hadde eg døydd, men der og då var eg roleg. Eg svima nok av før eg rakk å tenkje så mykje, seier ho.

Såg redde fjes

Skredet var 50–60 meter breitt, og det var ei lukke at ikkje fleire blei tekne. Skiløparen bak Randi blei ikkje treft. Ein student stod med snø til livet, men kom seg greitt laus. Gruppa i front blei ikkje treft, men skredet sneia skia til sistemann.

For Randi var det like før det hadde gått alvorleg gale: «Idet tålegrensen er i ferd med å passeres, er jeg plutselig ute i dagen igjen. Eg åpner øynene og ser redde fjes rundt meg.»

Lungene var skada og Randi blei liggande to veker på sjukehus. Ho var nyforlova og skulle gifte seg med Asbjørn Flemmen pinseaftan same året. Heldigvis blei det bryllaup, og i fjor i pinsa kunne dei feire gullbryllaup. Både barna og barnebarna er blitt ivrige fjellfolk. Og det er toppturar som gjeld når dei kjem på besøk i påska.

– Då sit eg heime og har det ikkje heilt bra, fortel Randi.

Kikar opp

Det høyrer med til historia at Randi måtte ta ansvar for fjellskikurset, sidan han ho var forlova med og som eigentleg skulle vere kursleiar, hadde sklidd på flisene i symjehallen og låg heime på hybelen med hjerneristing – eit tydeleg bevis på at det ikkje er heilt ufarleg å vere innandørs heller.

Etter den dramatiske turen var ikkje fjellet lenger Randi sin venn, slik det hadde vore før. Tryggleiken var borte, og ho måtte alltid kike opp mot åskammen for å sjå etter skred.Ho heldt fram med å undervise om snø og snøskred. Dette gjekk greitt, men når radioen begynte å melde om skredfare og ulykker, spesielt i nærmiljøet, reagerte kroppen spontant, uavhengig av vilje og logikk.

– Generelt blei eg vel ein meir engsteleg person, både på eigne og andre sine vegne. Ulykker var ikkje lenger noko som berre skjedde andre. Eg visste at det også kunne skje meg og mine, skriv ho i Voldaminne.

Fleire ulukker

Norges Geotekniske Institutt (NGI) har sidan starten på 2000-talet registrert snøskredulukker der folk har omkome her i landet. Også fjella på Sunnmøre har kravd liv desse åra, men i fleire tilfelle har skiløparar vore heldige og overlevd.

NGI har på nettsida si delt fleire rapportar frå folk som har opplevd ras, der det har vore nære på at liv har gått tapt. Ein skiløpar skildra ein tur frå Standalhytta mot Kolåstinden i mars 2007. Dei var fire personar på turlagstur. I siste bratte stigning opp mot Stretet, langs den vanlege ruta mot Kolåstinden, losna eit flakskred. To skiløparar blei ført femti til hundre meter nedover, men heile tida i overflata av skredet. Dei kom seg greitt laus, utan hjelp frå dei andre i turfølgjet.

– Det var en ubehageleg oppleving, skildrar mannen som valde å rapportere om hendinga, blant anna fordi det skjedde same dag som ei dødsulykke fem kilometer unna.

Skred i Saudehornet

Ein annan rapport gjeld eit stort skred i Saudehornet, også dette i Ørsta kommune. Tre personar var på fjellet og vurderte forholda som trygge. Ikkje minst fordi det var veldig kaldt denne januardagen i 2009.

Førstemann rann ned ryggen og stansa etter eit par hundre meter for å sjå etter dei andre to. Idet han stansa losna «heile sida». Brotkanten var 30–40 meter ovanfor der han stoppar. Dei andre i følgjet står lenger oppe i sida. Skiløparen klarer å halde seg oppreist på skia ei lita stund, men dett til slutt og blir ført med skredet i 300 til 400 høgdemeter.

– Utruleg nok er han heilt uskadd, og verken stavar eller ski vert rivne av, trass i at han har utløysarbindingar, les vi i rapporten. Ut frå vêrforholda er ikkje rapportskrivaren overraska over at det skjedde. Heldigvis gjekk det bra denne gongen.

Tankevekkjar

I rapporten blir det også skildra to andre episodar, der folk er tekne av ras i området same vinteren.

– Desse tre episodane bør vere ein tankevekkar for alle som ferdast i Sunnmørstindane på vinterstid. Tendensen er som vi har registrert siste åra, at fjell er opne heile vinteren. Tidlegare heldt vi oss unna dei mest skredutsette fjella til ut på ettervinteren. På den måten gjekk vi kanskje glipp av mange fantastiske skiopplevingar, men vi unngjekk i alle fall dei mest skredutsette dagane, heiter det i rapporten.

Kaotisk

I april 2006 blei eit skred utløyst av skiløpar på veg opp til skaret mellom Nordre og Store Smørskredtind.

Signaturen HL fortel at han måtte ta av seg skia og gå på beina siste stykket. Han høyrde ein knekk i snølaget, ikkje det vanlege drønnet, men tolka det som eit dårleg teikn. Dette var ikkje nokon stad å bli verande. Då han var på veg tilbake, losna skredet:

«Det eneste jeg merket da det løsnet, var en stor vegg som skjøv meg nedover. Eg stod helt sikkert med snø til livet og hadde ingen mulighet til å gjøre av meg noe sted. Derfra og ned ble det en forholdsvis kaotisk «svømmetur» hvor vi begge prøvde å holde oss over snøen så godt som mulig, samtidig som vi prøvde å få vekk all snø som la seg foran ansiktet».

Då skredet etter kvart stoppa, var ein av dei på toppen av snølaget, medan den andre var så godt som heilt dekt av raset. Han klarte å få laus ei arm og grov sjølv fram hovudet. Den andre såg ikkje kameraten, men sette i gang søk. Før han fekk inn signal, såg han ei arm som veiva i lufta og fekk grave han laus frå raset. Dei kom seg uskadde ned til Patchelhytta og fekk varmen i seg.

– Eit stort skred der det var veldig nær at to personar kunne omkome, kommenterer Kjetil Brattlien i NGI, som stiller spørsmål om det var lurt å gå der skiløparane gjekk denne dagen. Dei får likevel ros for å ha hatt med redningsutstyr og at dei informerte om skredet.

Fleire omkomne

Sidan 2002 har ti skiløparar omkome i fjella i Møre og Romsdal. Jan Peder Hoggen frå Volda har vore med og leita etter fleire av dei, gjennom innsats for Røde Kors.

– Vi har vore med på ein del aksjonar, men vi kjem inn seint og desse aksjonane har hatt dårleg utfall, seier Hoggen, som i Røde Kors-regi også har vore med på å berge liv.Hoggen har lang erfaring og stor kunnskap om skred. Han er i dag leiar i Ressursgruppe skred i Norges Røde Kors Hjelpekorps. I mange år har han også vore med i skredgruppa i Volda/Ørsta, som var ei av dei første i sitt slag som starta opp her i landet. Han meiner fellesnemnaren i ulukkene er at dei involverte er folk med bra skredkunnskap, som har vore mykje på tur, men som ikkje har klart å tolke faremoment den dagen eller der dei ønskte å køyre.

– Det er lett å dømme i ettertid og seie at ein har vore uvørden, men det kan vere litt tilfeldig om det går gale eller bra, meiner Hoggen.

Går heile året

Det kan vere ein har gått same turen fleire gonger. Det er blitt ein vane, og ein dag ser ein ikkje at noko er endra.

I dag er det sesong for toppturar heile året, utan at noko tyder på at talet på ulukker har auka som følgje av dette.

– Før gjekk vi på Kolåstinden frå påska og utover i mai. No gjer ein det heile året, seier Hoggen, som sjølv er ein del av denne trenden.Gode lykter og lett utstyr gjer at det er blitt meir freistande å gå ut på tur heile vinteren.

– At ein person døyr er ein for mykje. Heldigvis har vi ikkje fått ein boom av ulukker, men eg høyrer om mange som er blitt tekne av skred der det har gått bra, seier Hoggen.

– Mange ferdast i fjellet – kva synest du om framferda?

– Dei aller fleste som er på tur er flinke, og dei kan litt om skred. Det er nok ein og annan som er litt vel mykje bajas og tek ein ekstra sving mot betre vitande, men i det store bildet må vi seie at folk er flinke, meiner Hoggen. For 25 år sidan opplevde han sjølv å bli teken av skred. Dei var tre kompisar som skulle på tur til Koppefjellet. Det var dårlege forhold, men skulle i utgangspunktet vere ein grei tur. Det var mykje snø, og dei høyrde drønn i snødekket.

– Det var fleire teikn som sa oss at dette kunne vere skummelt, men vi var verdsmeistrar og fann ut at vi durar av garde, minnest han. Plutseleg losna eit stort skred i fjellsida. Kameraten som rende fremst var heilt gravlagd i skredet, medan Hoggen som rende som nummer to, var halvvegs gravlagd. Den bakarste sklei forbi Hoggen i overflata av raset.

– Det var utruleg ubehageleg. Eg var hardt pakka, men hadde hovudet og ei hand fri og kom meg laus sjølv, fortel Hoggen. Kompisen måtte ha hjelp til å kome laus.

– Det gjekk bra, men vi fekk oss ein skikkeleg kipp, fortel Hoggen og legg til at løsnekanten på raset var hundre meter brei og raset gjekk eit par hundre meter nedover.

Heldt det hemmeleg

Etter denne hendinga begynte Jan Peder Hoggen å gå på skredkurs.

– Dette kunne gått skikkeleg gale. Det var inga god oppleving, seier han. På denne tida hadde dei verken spade eller søkestong med på tur. Langt mindre ein skredsøkjar. Kameratane var einige om at dette måtte ikkje ein kjeft få høyre om, men seinare begynte Hoggen å undervise om farane ved snøskred og valde å bruke erfaringa i opplæring.

– No er det blitt betre, og det er vanleg at ein deler opplevingar, seier Hoggen og legg til at det er viktig å gi melding om at ein har utløyst ras, slik at det ikkje blir nokon aksjon ut av det.Hoggen har ikkje opplevd fleire ulykker, men har fått høgare medvit og vel turane etter forholda. Han følgjer også med på varsam.no.

– Alt sikringsutstyret som folk tek med seg no – kan det vere falsk tryggleik?

– Ja, det kan det. Men det blir som om du køyrer bil og aukar farten frå 80 til 120, kuttar ut ABS og sikkerheitsbelte. Då kan det gå bra veldig lenge, men viss du krasjar, har du ingen garanti for å overleve. Viss du brukar sikkerheitsutstyr er sjansen til å overleve større, om noko skjer. Og han legg til:

– Sendar og ABS-ballongar er ting som gjer at du finn meg om eg blir teken av ras. Har eg med søkestong og spade, hjelper det ikkje meg, men deg. Viss du ikkje er villig til å ha med spade, set eg igjen min også. Ditt utstyr og din kunnskap bergar meg. Skredet veit ikkje at du ikkje har peiling. Hoggen rår folk som skal ut på tur til å følgje med på snøskredvarsel på varsom.no.Når ein er på topptur og står klar til å sette utfor, er eit godt tips å avtale med dei andre korleis ein skal køyre nedover.

– Sjølv om det er gøy, så kan ein ikkje berre dundre nedover. Ein må ha litt meir fokus, råder Hoggen.

<strong>tryggleik:</strong> Om ulukka er ute er det lurt å ha med moderne tryggleiksutstyr i sekken. Det kan berge både deg sjølv og dei du går på tur med, seier Jan Peder Hoggen.