Dette seier anestesioverlege Rune Heggedal ved Volda sjukehus.

Han er ikkje direkte overraska over helseminister Bent Høie (H) sitt varsla utspel fredag om nedlegging av akuttkirurgi ved lokalsjukehus, Volda inkludert.

- Ikkje overraska, men mykje oppgitt over at dette no kjem nok ein gong. Det som provoserer mest, er at ministeren flaggar dette som ei berging og ei styrking av lokalsjukehus. I realiteten er det ei klar og udiskutabel svekking, seier Heggedal.

Moralsk ugreit

Rune Heggedal har gjennom ei årrekke markert seg som ein poengtert og uredd talsmann for funksjonen til lokalsjukehuset.

No hevdar han at minister Bent Høie sin argumentasjon og framgangsmåte er lite redeleg.

- Eg synest det er moralsk ugreit av ein minister å argumentere med styrking, når alle i fagmiljøet og i felten faktisk veit at argumenta er både politisk og medisinsk feil, hevdar Heggedal.

Djupt usamd Heggedal seier seg djupt usamd i Høie sin sjukehuspolitikk.

– Seinast for ein månad sidan hadde Høie ein kronikk i Aftenposten med dette som tema. Eg opplever det som at han flaggar noko anna enn det som er faktisk og reelt, og difor må vi berre stå opp og fronte våre konkrete erfaringar og vårt syn, opplever Heggedal.

Yrkesstoltheit

Heggedal opplever også at kollegaer flest i Volda har eit sterkt syn på denne saka.

– Det handlar i stor grad om yrkesstoltheit og fagetikk. Mange av oss kan ikkje sjå ein pasient inn i augo og seie vi har eit fullgodt tilbod dersom akuttkirurgien forsvinn. Denne delen er ofte avgjerande viktig når vi får inn pasientar akutt, med usikker diagnose. Det handlar ikkje nødvendigvis om å operere der og då, men om vurderingskompetanse. Slikt kan nødig takast over telefon eller via videooverføring, fortel Heggedal.

Bør snu

Overlegen seier han ikkje minst fryktar for rekrutteringa av dei same årsakene.

– Eg veit at kollegaer, yngre som eldre, er så opptekne av å vere ein del av eit maksimalt godt helsetilbod, at dei vil ikkje søkje seg til eit sjukehus dei i utgangspunktet veit er svekka for grunnleggjande funksjonar. Høie bør snarast snu. Han burde vite at han driv politisk risikosport i denne saka, insisterer Rune Heggedal.