Det er Roar Aasen og Fosnavaag Pelagic som gir mengder av sild som skal seljast på Almenningen i Fosnavåg laurdag.

Inntektene går til TV-aksjonen, Kirkens Nødhjelp og arbeid for å skaffe fleire livgjevande, reint vatn.

Med vatn som tema for aksjonen har innsamlingskomiteen i Herøy lagt opp til aktivitetsdag i Fosnavåg sentrum laurdag. I tillegg til stort sildesal, så skal det mellom anna vere vasshinderløype ved Friidrettsgruppa og Redningsselskapet stiller med både Eliasbåten og Den Røde Baron.