Det viser rapporten frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal om utviklingstrekka i kommuneøkonomien.

Medan Aukra er av dei rikaste, er Stranda den mest gjeldstynga kommunen i landet.

- Situasjonen i Møre og Romsdal er spesiell. Vi har kanske den rikaste og fattigaste kommunen i Norge. Aukra har hatt det høgaste netto driftsresultatet i landet dei tre siste åra, medan Stranda har bygd seg opp den desidert høgste gjelda, med Ulstein som ein god nummer to. Fylket har også ein uvanleg stor del Robek-kommunar, altså åtte kommunar som er sett under utvida statleg kontroll på grunn av økonomiske problem, seier rådgjevar Sissel Hol hos fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Forskjellig

Ho fortel at dei rike og fattige kommunane lever i heilt forskjellige verklegheiter. Stranda kommune må bruke store deler av inntekta till å betale renter og avdrag på gjelda, og har i tillegg nytta ein dispensasjonsregel i kommunelova for å dekkje inn tildlegare underskot over 10 år.

Aukra kommune opplever ein heilt annan situasjon, og har til dømes finansiell styrke nok til å vere med å finansiere felles tiltak andre steder i regionen.

I nedre sjiktet

Netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal er i nedre sjiktet samanlikna med kommunane i dei andre fylka. I fjor var det på same nivå som året før, men bak tala er det fleire midlertidige faktorar som gjer at netto driftsresultat vart høgare.

Rekneskapssminke

Hol legg ikkje skjul på at rekneskapssminke er med på å halde resultata oppe i mange kommunar.

- Netto driftsresultat er halde oppe av bundne midlar som kommunen ikkje kan nytte etter eige ønske. Vert netto driftsresultat korrigert for dette forholdet, er netto driftsresultat enda lågare, og ein kommune kan ha eit positivt netto driftsresultat, men framleis gå med underskot, seier Hol.

Minst tre prosent

På nasjonalt nivå er det tilrådd at netto driftsresultat er på minst tre prosent av driftsinntektene for at kommunane si formue skal verte ivareteke. I følgje Hol er netto driftsresultat for kommunane i Møre og Romsdal på 1,7 prosent av driftsinntektene når ein ser dei siste fem åra under eitt.

- Det viser at sjølv om netto driftsresultat held seg stabilt i 2013, er det fleire indikatorar som tilseier at den underliggjande økomomiske balansen er svekka.

Høg gjeldsbør

Lånegjelda til kommunane i Møre og Romsdal har lenge vore høgare enn landsgjennomsnittet. Det fører til at det er mindre pengar att til tenesteproduksjon, når stadig meir av inntektene er bundne opp i renter og avdrag. Denne utviklinga gjer Fylkesmannen i Møre og Romsdal bekymra.

- Vi er bekymra fordi vi tolkar dette som eit symptom på at kommunane ikkje har råd til å finansiere investeringane med eigenkapital. Det fører til ein vond spiral der det stadig vert dyrare å vere fattig, seier Hol.

Utfordriingar

Det er fleire utfordringar for kommuneøkonomien i åra som kjem. Uro i internasjonal økonomi gjer at staten nøye må vurdere kor ekspansive overføringane til kommunesektoren kan vere.

Rentenivået er lågt no, og med høg gjeld er kommunane sårbare om renta stig til det nivået renta var på i 2007 og 2008.

Vidare kan pensjonskostnadene auke på grunn av høge lønsoppgjer og låg rente.

Innhentar

Fleire år med gjeldsoppbygging og låge netto driftsresultat er i ferd med å innhente kommunane i Møre og Romsdal. Det gjer at behovet for å omstille og redusere tenesteproduksjonen vil vere meir presserande her i fylket enn i andre deler av landet. Kommunane som har svak økonomi, er sist ut av startblokka for å møte utfordringane i åra framover.

Fylkesmannen skriv at kommunane har få moglegheiter til å påverke inntektene sine sjølve. Eit unntak er eigedomsskatten.

- Situasjonen er tøff for mange kommunar. Det krev tøffe politikarar som vågar å prioritere, meiner rådgjevar Sissel Hol hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.