To personar er frakta til legevakt for ein sjekk, etter ei trafikkulykke på fylkesveg 60 ved Stavenestunnelen i Stryn måndag ettermiddag.

- Fylkesvegen har vore stengt ein periode som følgje av kollisjonen, men er no i ferd med å bli opna, fortel operasjonsleiar Odd Arve Solvåg ved Sogn og Fjordane politidistrikt til smp.no klokka 15.10.

Operasjonssentralen til politiet fekk melding om ulykka klokka 14.25 og alle naudetatane vart sendt til staden. To personbilar skal vere involvert i smellen, som ifølgje politiet er resultat av ein påkjørsel bakfrå.

Saka blir etterforska av Stryn og Hornindal lensmannskontor.