Før helga gjekk 10 bedrifter på Ellingsøya ut med eit felles opprop der dei er svært kritiske til kommunen sine planar om å etablere eit slikt deponi.

Fiskebåt Vest er ein del av Fiskebåt, som organiserer den havgåande fiskeflåten.

Leinebø fryktar at eit slikt deponi i nærleiken av Ålesund kan føre til skade på omdømmet til norsk fiskerinæring.

– Vår kvalitet og nærheit til reint hav har gitt Norge ein unik posisjon som sjømatnasjon. Fiskebedriftene rundt Ålesund er sjølve berebjelken for både produksjon og eksport. Vi kan ikkje ta sjansen på at desse bedriftene vert skadelidande, og at det er usikkerheit rundt kvaliteten på det dei leverer, seier Leinebø.