– Det stemmer at ein patrulje rykte ut og henta med seg ein mann som sa han kjende seg truga eller utrygg utanfor Hareid kyrkje. Dette seier lensmann i Hareid og Ulstein, Odd Kulø, til Sunnmørsposten seint søndag kveld.

Han stadfestar dermed at opptrinnet med ein polititenestebil som kom til kyrkja i hast, dreia seg om å hente ut ein bestemt person frå området.

– Mannen tok sjølv kontakt med politiet og sa han kjende seg i ein trugande situasjon. Dette vart altså umiddelbart teke på alvor, og mannen teken med til kontoret i Ulsteinvik, opplyser lensmann Kulø. er fekk mannen forklare korleis han hadde opplevd situasjonen utanfor Hareid kyrkje, der ein stad mellom femti og hundre personar var innom.

Sentralt vitne

Sunnmørsposten veksla nokre ord med mannen som vart henta om lag fem minuttar før minnesamlinga i kyrkja skulle ta til i Hareid kyrkje, klokka nitten søndag kveld.

Mannen stadfesta at han er den same som Sunnmørsposten observerte og fotograferte då han fredag kveld vart kledd i heildekkande verneutstyr og ført inn i leilegheita der drapet på Semi Milhem fann stad.

Andre som var til stades ved minnestunda søndag, men som vil vere anonyme, peikar ut denne mannen som ein av dei som skal ha vore til stades i leilegheita på Bigset i Hareid - då det bestialske drapet fann stad sist fredag morgon- eller føremiddag.

På alvor

Lensmann Odd Kulø seier mannen no har fått eit konkret råd om å halde seg heilt unna Hareid dei næraste dagane.

– Fryktar også politiet dermed for sikkerheita til dette sentrale vitnet i saka?– Vi har ikkje gjort noko risikovurdering på denne personen hittil, og denne situasjonen oppstod jo i kveld. Men vi tok sjølvsagt mannen på alvor då han kjende seg utrygg, seier Kulø.

Han kan ikkje gå inn på kva som kan ha fått mannen til å føle seg truga, og som gjorde at han droppa heile minnestunda og tilkalla hjelp. Mannen kom elles til minnestunda i lag med han som skal disponere den kommunale kjellarleilegheita der drapet fann stad. Vedkomande fekk med seg heile minnestunda, men var ikkje tilstades på drapstidspunktet.

– Snill bror

Fleire nære kameratar til den avdøde Semi Milhem (20) var også med på minnestunda, det same var nære familiemedlemmer, alle med irakisk opphav. Den eitt år yngre broren, Titon Milhem (19), gav eit intervju på vegner av familien til TV2.

Han sa mellom anna at då familien kom til Norge som flyktningar for fem år sidan, så var det for å finne tryggleik og fred. Til Sunnmørsposten sa veslebroren det slik:

– Semi var ein fantastisk snill og god bror. Eg kan ikkje fatte det som har skjedd.

Mistanke

Ein kamerat la ned roser ved portrettet til Sami. Ein annan sa til Sunnmørsposten at dei har mist ein alltid smilande og blid ven. Han sa også at han umiddelbart fatta mistanke om gjerningsmann, då han høyrde om drapet - og korleis det var utført.

– Eg var nær ven med Sami, og ein bekjent av den sikta. Eg la saman to og to straks den grufulle nyheita kom, fortel han.

Politivakt

Minnestunda i seg sjølv gjekk føre seg i verdige former, med levande orgelmusikk, informasjon frå omsorgsgruppa og møte mellom mange. Politiet var til stades med ein patrulje like ved kyrkjegardsinngangen heilt frå det første oppdraget, med eskorte av ein person bort frå kyrkjeområdet.