– Vi ønskjer å utsetje saka medan vi ventar på ein ny søknad, seier ordførar Oddvar Myklebust.

– Dette er under føresetnad av at fylkeskommunen stoppar søknaden. Sandøy kommune skal jo berre vedta ein uttale i saka, seier ordføraren.

– Det er dermed ikkje sagt at ein ny søknad går igjennom i Sandøy, legg Myklebust til.

Einerett til hummar og krabbe

Det er selskapet Øya Sjømat AS på Harøya som har søkt om konsesjon på havbeite for hummar. Etter sterk kritikk frå fleire hald, har søkjaren gått bort frå ein søknad om 33 km² havbeite like vest av Harøya. I praksis vil eit havbeite gje einerett til å fiske både hummar og krabbe.

Som Sunnmørsposten fortalde torsdag, vil selskapet no søke om konsesjon for eit område på 17 km² litt lenger ute i havet og som delvis overlappar det «gamle» området.

Arbeidsplassar

– Kva andre kommentarar og merknader kom fram i møtet i kommunestyret?

– Kommunen ønskjer nye arbeidsplassar velkomen, men vi vil sjå kor mange arbeidsplassar det blir av dette. Det vart også sagt i møtet at forskingsmiljøet må vere på plass. For elles blir dette berre ein fiskeplass for nokre få, der ålmenta misser rettane dei har. Mange bur på øyane for å nyte friluftslivet og sjøen, understrekar ordførar Oddvar Myklebust.