Det kan altså sjå ut som om industrilokomotivet på nordre vel å halde alle dører opne.

Fellesframlegget frå Ap, Sp og Miljøpartiet byggjer langt på veg på rådkvinna sitt. Vedtaket inneber no dessutan at alle over seksten år får seie sitt i ei folkerøysting. Alternativet var ein gallup, og i møtet vert det lufta frykt for kva som vil skje dersom deltakinga i ei folkerøysting vert like låg som ved det ordinære valet.

Kor representativt vil det rådet vere? Optimistane peiker på at engasjementet i folkehopen allereie er svært stort. Same kva, står dei folkevalde fritt. De tre-ledda vedtaket opnar altså for tingingar med Sandøy åleine, med dei som vil Ålesund og ein regionkommune vel. Dei sler heller ikkje handa av restane frå det tidlegare landkommunealternativet, der Skodje, Ørskog, Vestnes og Stordal vert nemnt eksplisitt.

Resten handlar mest om sjølve framdrifta. Når resultata av tingingane ligg føre, får dei folkevalde ein ny jobb med å snevre inn. Meir enn to retningsval vil bli drepen å utgreie, forstår vi. Intensjonsavtalane må liggje føre allereie i mars, for å rekkje aprilmøtet i Haram. Det dreg seg til! Retningsvalet med tre opne dører er teke grovt sagt med to tredelar fleirtal.

– I tingingane kjem vi til å måtte ta og gje alle saman, peikar Svein Harsjøen (Frp) på.

Debatten fylgjer dei kjende linene, der somme har klokkartru på storleik og kraft opp mot endå meir sentral sentralisering, medan andre peikar på nærleik og lokalkunnskap.

– Somme trur visst det er snakk om at vi skal inn i Ålesund kommune. Langt i frå! Vi skal skape noko heilt nytt, her langs kysten, seier Eva Hildre i Høgre, som gjerne vil tenkje størst muleg.

– Viss du blir for stor og gikta slår inn, vert det ofte låkt å snu seg rundt, kontrar humoristen Halldor Lillebø.

Det meste kokar før eller sia ned til tenestetilbod og arbeidsplassar. Men det er sjølvsagt rom for å kjenne litt på kjenslene. Same Lillebø tykkjer det er greitt å ha i det minste nokre kjensler når ein skal inngå ekteskap, og sparkar venleg tilbake til samanslåingsforkjemparane.

I motsetnad til mange andre, har Haram allereie engasjert dei yngste, i eit skuleprosjekt om draumekommunen. Og der i garden vil dei ikkje ha storkommune og ende opp som attpåklattar. I ungdomsrådet sin spreke presentasjon tek dei til orde for øyane, og hiv lett inn Aukra for å jasse opp inntektssida. Dumme er dei ikkje. Dei peikar på arbeid, sosial omgang, øylivet. Med Sandøy og Giske på laget får dei dessutan både basseng og kort veg til flyplassen. Sånn skal det låte.

<strong>lang dag:</strong> Ordførar Vebjørn Krogsæter og Guttorm Kjerstad diskuterer detaljar i ei av pausene under Haram sitt maratonmøte torsdag kveld.