– For heile veka måndag til søndag var det 5.300 besøkande, seier dagleg leiar Karl-Petter Sortehaug i Sunnmørsbadet etter å ha summert.

Han seier dette er meir enn dei hadde rekna med.

– Målet er 100.000 besøkande i året. Blir kvar veke like bra som dette, blir det 285.000, seier han.

Frå andre kommunar

Søndag, med gråvêr ute, var den best besøkte dagen, med nærare 1000. I helga var også dei fleste besøkande frå andre kommunar enn Herøy, så langt Sortehaug har oversikt.

– Det er veldig kjekt at det har kome mange nye folk som eg ikkje har sett før. Det var folk frå Larsnes, Hareid, også frå Sula og Skodje, fortel Sortehaug til Herøynytt.

Bildeserie: Barna først i det nye bassenget

Trim

Før var det mange som kom i Herøybadet for å treffe naboen og kose seg.

– No er det mykje meir aktivitet. Mange kjem for å symje og trimme.

– Også stupetårnet er i aktiv bruk, fortel han.

Innkøyring

Litt innkøyringsproblem har det vore med billetteringa, med det dei kallar betalingsarmband. Det trur Sortehaug er tilbakelagt.

– Det ser i alle fall veldig bra ut no.

Også i kafeteriaen har pågangen vore større enn rekna med.

Elevar frå Herøy-skulane var dei første somfekk prøve det nye badelandet - for den offisielle opninga. Her er bølgjebassenget der temperaturen skal halde 30 grader. I bakgrunnen ser vi så vidt 25-metersbassenget. Foto: PER OVE STIGE