Han er dagleg leiar for Fishtech AS i Hundeidvik, og fortel at den havarerte russiske trålaren «Krasnoselsk», som ligg i sjøen rett utanfor bedrifta, gjer at dei ikkje kan nytte kaia.

– Vi har til dømes ein stor jobb på ein båt no, og må leige kai på Vartdal for å få utført oppdraget, seier Lyngvær.

Taper pengar

Han fortel at dei leiger kaia på Vartdal i eit par månader, og taper difor pengar kvar dag på at dei ikkje får nytte si eiga kai. Det kan dei nemleg ikkje gjere så lenge det ligg eit stort skipsvrak rett utanfor, forklarer Lyngvær.

Påstanden om at vraket ikkje er til hinder for båttrafikken kjem fram i rapporten som til no har vore halde hemmeleg.

Etter mediaomtale og påtrykk frå stortingsrepresentant Harald T. Nesvik (Frp) vart rapporten offentleg denne veka.

– Det er takka vere Sunnmørsposten og Nesvik at vi no fekk sjå rapporten. Det skulle forresten berre mangle, seier ordførar Petter Lyshol (H).

– No håpar eg at også resten av Mørebenken engasjerer seg slik at vi får fjerna skipsvraket, legg han til.

I rapporten frå Kystverket stila til Fiskeri- og kystdepartementet heiter det at Kystverket tilrår tømming av oljetankane om bord. Men det er ikkje Lyshol nøgd med:

– Vraket kan ikkje ligge der, heller ikkje med tomme tankar. Det er berre fire og ein halv meter ned til skroget på fjøre sjø. Eg føler etter å ha lese denne rapporten at det meste blir lagt på våre skuldre. Men vi har ikkje økonomiske musklar til å fjerne vraket. Det har derimot staten, meiner Lyshol.

Les også: Tar tak i trålersaka

Les også: Held trålarrapport hemmeleg

Forsikring

I rapporten går det også fram at skipet berre var forsikra mot oljelekkasje, ikkje mot vrakfjerning.

Forsikringsselskapet vil difor ikkje betale for ei fjerning. Det vil heller ikkje reiaren, som hevdar at norske styresmakter ikkje gjorde nok for å varsle reiarlaget om det dårlege veret som var under vegs.

Bjørn Idar Lyngvær meiner eit alternativ kan vere å fjerne olja, for så å slepe vraket ut på djupare vatn.

Ordføraren synest det er ei dårleg løysing:

– Vi har dessutan fått vite at det vil vi ikkje få løyve til.