Mannens tilstand er seint måndag kveld framleis ikkje kjend. Det som er klart er at mannen vart skadd under arbeid om bord i fiskebåten.

- Vår kriminalteknikar har no avslutta sitt arbeid. Det er noko teknisk utstyr om bord som har svikta. Men kvifor det har svikta kjenner eg ikkje til, seier vakthavande operasjonsleiar hos politiet, Arild Reite, til smp.no klokka 21.30.

Politiet fekk melding om ulukka på Vigrafjorden måndag ettermiddag.

Reite seier at Sjøfartsdirektoratets folk skal undersøke båten vidare i morgon tysdag.