I anledning sitt 125-års jubileum tek Ålesund-Sunnmøre Turistforening (ÅST) med seg alle som vil gå på tur kring Hjørundfjorden, om det er ei eller seks etappar.

Overnatting i turisthytter

Mandag starta den lange turen med ei etappe som gjekk frå Melbøsætra til Standalhytta. Dei som skal vere med vidare på turen tirsdag, overnatta der.

– Vi var 19 som gjekk mandagens etappe. Det var ein fin dag, og både eg og resten av turdeltakarane gler oss til resten av turen, seier turleiar frå DNT ung Sunnmøre, Martin Hauge Nilsen.

Frå Standalhytta til Sæbø

Tirsdagens etappe går frå hytta og vidare til Nøvedalen, Høgreset, og Litledalen før ein enda opp Sæbø.

Totalt er det 15 deltakarar som skal gå alle seks etappane.

Heile ruta

Turen held som kjent fram i seks dagar og deltakarane skal bryne seg på følgjenede:Dag 1 (4.8): Melbøsætra – Molladalen – Ytre Standalsetra – Kvanndalsskaret – Standalhytta.Dag 2: Standalhytta – Nøvedalen – Høgreset – Litledalen – Sæbø.Dag 3: Sæbø – fjordcruise til Bjørke – Tyssenaustet.Dag 4: Tyssenaustet – Fivelstad – Skylstad – Patchellhytta.Dag 5: Kviledag Patchellhytta med tur til Slogen.Dag 6: Patchellhytta – Velleseter.