Lindstrøm er den nordmannen som har lengst fartstid i Arktis og Antarktis. Han deltok på alle dei store, klassiske ekspedisjonane med Nansen, Amundsen og Sverdrup. Han var også den første som segla rundt heile det amerikanske kontinentet.

Glimrande kokk

Adolf Henrik Lindstrøm (1866-1939) var ein glimrande kokk. Hans "Biff a la Lindstrøm" står fram leis på mange menyar, og vart i åra rundt første verdskrig servert på alle Grand-hotella i Nord-Europa.

Kanskje ikkje så rart at også Ishavsmuseet avsluttar fredagens polarkveld med "Biff a la Lindstrøm" på menyen.

Interesse for det polare

Jan Ove Ekeberg, som til dagleg jobbar som journalist i TV2 og har ansvaret for økonominyheiter, har stor interesse for det polare. Han har skrive bok om nettopp polarkokken Lindstrøm.

Han debuterte som forfattar i 1996 gjennom biografien om Gro Harlem Brundtland. Totalt har han skrive eller vore medforfattar til fem biografiar, ei norgesbok, to skjønlitterære romanar og tre syngespel.