Søndag morgon meldte Sunnmøre politidistrikt på Twitter om at ein kvit Toyota Yaris var stolen frå sentrum i Ulsteinvik.

Ti minutt seinare kunne dei melde at bilen no var funne av eigaren, med nøklane i.

Tjuvane hadde også lagt igjen ein 50-lapp i bilen, som «takk for lånet».

– Eigaren fann bilen like ved der den vart stolen, med ein 50-lapp liggande på dashbordet. Så det er tydelegvis nokon som har betalt for bensinen, seier Borge Amdam, operasjonsleiar ved Sunnmøre Politidistrikt.

Eigaren satte bilen frå seg i går kveld, og oppdaga at den var vekke i dag tidleg.

– Heldigvis var det ikkje noko skade på bilen, seier operasjonsleiaren. Dei har ingen mistenkte i saka.

– Generelt er det lurt å låse bilen, og iallfall ikkje sette igjen nøklane i tenningslåsen, seier Amdam.