Same dag som nyheita om at det blir lyst ut to nye krillkonsesjonar, er fiskeriminister Per Sandberg (Frp) på bedriftsbesøk i Møre og Romsdal. Etter først å ha vore innom Aukra Maritime og møtt fleire av leverandørane av Aker Biomarine si nye krillbåt, drog Sandberg vidare med redningsskøyta til Midsund og avdelinga til Hofseth Biocare der.

- Eg inviterte han hit under eit møte på Stortinget i fjor, og han sa ja på sparket. Han var tydeleg interessert i ingrediensindustrien, og eg sa at det er vi som har brukt mest på investeringar på dette feltet, fortel Roger Hofseth til Sunnmørsposten.

- Syns du at Sandberg har greie på dette feltet, då?

- Eg skal gje han masse idear, eg skal pepre han og forklare han kva han skal gjere, svarar Hofseth, og understrekar at det blir i eit lukka rom.

Og litt etter klokka 13, tysdag dukka Sandberg sjølv opp.

- Ei herleg luft, kommenterte han, etter å relativt greitt ha klatra frå redningsskøyta og opp på kaia.

Etter dette venta omvisning på fabrikken for fiskeriministeren. På spørmål om han er imponert over det han har sett, er svaret følgande:

- Eg har besøkt så mange gjennom 2,5 år, så imponert er kanskje ikkje ordet. Men eg synest det er flott å sjå at dei er så framoverlente, og at dei ser moglegheiter for verdiskaping her i Norge, seier Sandberg.

Etter dette bar det vidare inn i det tidlegare nemnde møtet med Hofseth. Dette var ikke ope for media.