Måndag vart det kjent at Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) held oppe eit svensk salsforbod av ladeboksar frå det norske selskapet Easee, skriv NRK.

Dermed ligg det an til at Easee får salsforbod i Noreg og heile EØS.

I tillegg kan Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap påleggje Easee å oppgradere alle dei 230.000 ladeboksane dei har installert i Noreg. Prisen for dette kan bli fleire tusen kroner per boks – og dermed minst 700 millionar kroner til saman.

Bakgrunnen for den moglege oppgraderinga skal vere at Easee-ladarane må ha eit vern mot jordfeil.

(©NPK)