Møre og Romsdal fylkeskommune driftar 20 ferjesamband i fylket. Ferjene på E39 er drifta av staten og ikkje med i statistikken som fylkeskommunen la fram tysdag.

– Alle samband har auke i trafikken, men ikkje uventa er det dei nye gratis-sambanda som har hatt størst prosentvis vekst, seier Stig Helle-Tautra, avdelingssjef i FRAM i ei pressemelding frå fylkeskommunen.

I august 2023 blei tilbodet med gratis ferjer utvida til alle samband som ikkje har alternativ reiseveg til fastlandet.

Alle gratis-sambanda har ein høgare prosentvis auke i trafikken enn dei som ikkje er gratis, ifølgje pressemeldinga.

Utvalde fakta frå statistikken:

  • Totalt i 2023 transporterte fylkesvegferjene over 4,4 mill. køyretøy, eller meir enn 12.000 køyretøy i snitt kvar dag.

  • Totalt vart det transportert over 200.000 fleire køyretøy i 2023 enn i 2022.

  • Ferjetrafikken auka i fjor med 5,3 prosent, samanlikna med året før.

  • 29.000 køyretøy fekk ikkje fekk plass på ferja og måtte vente til neste avgang. Det er ein nedgang på 2,3 prosent frå 2022.

  • Ferjene mellom Magerholm – Sykkylven transporterte over 880.000 køyretøy i 2023, noko som er ein auke på 4,5 prosent.

  • Sambandet Hareid – Sulesund er nesten like stort, og transporterte 800.000 køyretøy i fjor. Auken her var på 4 prosent.

  • Eidsdal-Linge hadde vel 210.000 bilar under seks meter, ein auke på 4,3 prosent. I tillegg kjem 36.000 større bilar, ein auka på 12,5 prosent.

  • Stranda-Liabygda hadde knapt 177.000 bilar under seks meter, ein auke på 5,4 prosent. Større bilar auka med 6,6 prosent til vel 34.000.

Køyretøy under seks meter:

SambandTal køyretøy under 6 meterEndring frå 2022
Arasvika-Hennset40 94915,8 %
Aukra-Hollingsholmen366 0159,3 %
Brattvåg-Dryna49 48011,3 %
Edøya-Sandvika121 4807,1 %
Eidsdal-Linge210 5974,3 %
Festøya-Hundeidvika27 41813,0 %
Geiranger-Hellesylt5 35086,3 %
Hareid-Sulesund721 1584,0 %
Kvanne-Rykkjem147 8853,3 %
Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya71 1578,1 %
Molde-Sekken25 23537,4 %
Seivika-Tømmervåg259 6873,1 %
Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona21 49827,9 %
Solholmen-Mordalsvågen192 9348,1 %
Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy5 33113,0 %
Stranda-Liabygda176 9205,4 %
Sykkylven-Magerholm817 0875,3 %
Sæbø-Leknes42 14613,3 %
Volda-Lauvstad104 4275,0 %
Åfarnes-Sølsnes384 4141,1 %
Årvika-Koparneset174 6717,2 %
Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband3 965 8395,7 %

Køyretøy over seks meter:

SambandTal køyretøy 2023Endring frå 2022
Arasvika-Hennset5 7279,3 %
Aukra-Hollingsholmen33 1825,2 %
Brattvåg-Dryna5 008-7,6 %
Edøya-Sandvika14 0413,3 %
Eidsdal-Linge36 14012,5 %
Festøya-Hundeidvika3 881-2,7 %
Geiranger-Hellesylt563127,9 %
Hareid-Sulesund84 7363,0 %
Kvanne-Rykkjem21 046-5,3 %
Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya6 7401,0 %
Molde-Sekken1 24352,3 %
Seivika-Tømmervåg27 5308,4 %
Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona1 98826,9 %
Solholmen-Mordalsvågen11 87611,6 %
Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy762-2,6 %
Stranda-Liabygda34 5076,6 %
Sykkylven-Magerholm69 381-3,9 %
Sæbø-Leknes3 270-3,9 %
Volda-Lauvstad7 671-1,1 %
Åfarnes-Sølsnes83 910-2,0 %
Årvika-Koparneset20 29110,7 %
Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband473 4932,4 %
Attståande køyretøy i 2023
Samband
Antal
Attståande av total antal køyretøy
Arasvika-Hennset1090,23 %
Aukra-Hollingsholmen1170,03 %
Brattvåg-Dryna1480,27 %
Edøya-Sandvika2740,20 %
Eidsdal-Linge18 1437,35 %
Festøya-Hundeidvika560,18 %
Geiranger-Hellesylt1171,98 %
Hareid-Sulesund3 0320,38 %
Kvanne-Rykkjem5960,35 %
Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya6250,80 %
Molde-Sekken230,09 %
Seivika-Tømmervåg3030,11 %
Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona3181,35 %
Solholmen-Mordalsvågen2440,12 %
Standal-Trandal-Sæbø-Skår-Valderøya-Store Kalvøy130,21 %
Stranda-Liabygda8330,39 %
Sykkylven-Magerholm1 7400,20 %
Sæbø-Leknes1750,39 %
Volda-Lauvstad570,05 %
Åfarnes-Sølsnes1 4390,31 %
Årvika-Koparneset1 0900,56 %
Møre og Romsdal, alle fylkesvegsamband29 4520,66 %