- Han bor i Japan og så krigar han mot slangar og skyt dragar vel, seier Mateo Mannsverk. Og fyk av garde igjen før nokon rekk å uttale Gull-Ninja. Han har sjølv plukka ut antrekket til dagens karneval i Tryggheim barnehage på Godøya. Ei hending barna i storbarnsavdelinga Storhornet har gledd seg til i lang tid.

- Det er karneval – de må no danse, roper Gunn Sissel Mulelid.

Den gule høna set varsamt frå seg egga sine, for å trampe takta og svinge med fjøra. Ei pølse på to bein slengjer seg med i sambaen. Minnie Mus og ein knallgrøn frosk hoppar av glede. Prinsesser i rosa tyll snurrar rundt  med duvande skjørt. Dei gløymer sjenansen og kastar seg ut i karnevalsdansen. Til og med tøffe superheltar vert rivne med, og kastar seg ned på golvet og tek ein break dance. I dag er det lov å synge av full hals og danse seg sveitte. Og etterpå ventar det aller beste: Ein piñata fylt med snop!

Sjå video over

Les meir om denne saka i Sunnmørsposten, fredag.