– Vi gjer dette for å tilpasse oss marknaden. Vi har gjennomført ein nedbemanningsprosess på grunn av ein svak marknad i 2015 og utover. Dei oppsagde kjem til å jobbe ut året, seier administrerande direktør Jan Emblemsvåg i Kongsberg Evotec.

Vrir seg meir mot offshore service

Ifølgje Emblemsvåg, har dei gjort alt dei kan for å minimere talet på tilsette som må gå.

– Blant anna har vi klart å behalde alle ingeniørane takka vere FoU-midlar vi har fått frå morselskapet Kongsberg Maritime. Vi opplever at det er seismikkmarknaden som sviktar, og då vil vi bruke FoU-midlane til å vri oss meir over mot offshore servicemarknaden. Dermed blir vi også mindre sensitive for endringar i seismikkmarknaden, seier Emblemsvåg.

Bedre skodd med tiltaka

Kongsberg Evotec har dei siste tre åra levert ca. 80 prosent av seismikkløysingane globalt.

– Så når det no er nedgang i seismikkmarknaden, er det klart vi blir råka. Men med dei tiltaka vi har gjort no, er Kongsberg Evotec så godt skodd som mogleg for å møte 2015, seier han.

Kongsberg Evotec hadde 75 tilsette før oppseiingane.