Tysdag føremiddag fekk politiet på Søre Sunnmøre tips om ein tips om ein bil som køyrde vinglete i Furene. Patruljen frå Ulsteinvik rykte ut og møtte bilen i Botnen i Ulsteinvik. Då bilen vart stoppa, fekk dei sjå ein bil som var heller overfylt.

- Det viste seg at den var stappa full av bokseøl, sprit og sigarettar, fortel lensmann i Ulstein og Hareid, Odd Kulø.

I billen fann politiet 2000 boksar øl, 150-160 liter sprit, mellom anna 36 liter whisky og knappe 13.000 sigarettar.

- Det var lasta heilt oppunder taket, seier lensmannen.

Falske skilt

Bilen hadde påskrudde falske og heimelaga skilt, men dei originale skilta låg i bilen.

Føraren av bilen vert no sikta for smugling og dokumentfalsk.

Alkoholen og tobakken skal destruerast. Mannen sit i varetekt og lensmann Kulø reknar med han vert utvist. Det vert iallfall oppretta utvisningssak.

Mannen hadde ikkje arbeidstilhøyrigheit i regionen.

- Men vi må no anta at varene skulle leverast ein plass, seier lensmannen.

Odd Kulø fortel om stappa full bil.