I lys av dei siste dagane med mediemerksemd rundt Skodje kommune og Stette skule går FAU på skulen ut for å roe situasjonen.

- Først og fremst kjenne vi oss ikkje att i den negative vinklinga meida har brukt på skulen. No ønskjer vi å dempe alt styret rundt bygda og skulen, seier FAU-leiar Marianne Haugnes.

Ho har hatt barn på skulen i tilsaman ni år og har ikkje opplevd at andre foreldre, enn i denne enkeltsaka, har hatt kritikk mot skuleleiing eller lærarar.

Full tillitt

- Dette har vore ei sak mellom ein familie, skulen og kommuneleiinga. På kva måte har dette gått ut over skulen?

- Det inntrykket ein får av skulen gjennom meida, spesielt i forje runde, skapte stor mistillitt til skulen utanifrå. No ønskjer vi å understreke at vi har full tillitt til rektor og skule, både når det gjeld læringsmiljø og fagleg innhald. Lærarane har gjort eit imponerande arbeid for å tilretteleggje for at barna skal oppleve god faglig utvikling og mestring.

- Har saka vore mykje snakka om blant barna?

- Det er klart det er eit tema. Dei ser guten og skulen på TV. Men eg håper å trur at det ikkje påverkar barna og guten det gjeld for mykje, seier Haugnes.

No forventar og ber FAU om ro rundt både skulen og barna, for å kunne fortsette den gode drifta av skulen.