Vedtaket i møtet onsdag var samrøystes, men saka skal vidare for endeleg behandling og kjem truleg opp på fylkestinget 13. juni.

Utvalet gjekk for tilrådinga frå fylkesrådmannen om å ruste opp tunnelen på fylkesveg 658 mellom Giske og Godøy i samsvar med krava til tunnelsikkerheitsforskrifta.

Dei ber også om at arbeidet blir samkøyrt med den planlagde opprustinga av Ellingsøy- og Valderøytunnelen på riksveg 658.

Det er usikkerheit om prisen for jobben, men den er førebels berekna til 360 millionar kroner.

Les meir: Foreslår å ruste opp Godøytunnelen for 360 millionar

Fylkesrådmannen skisserte i saksførebuinga at arbeidet kan gjerast med både dag- og nattarbeid med regelmessig kolonnekøyring mellom klokka 7 og 19 - i tillegg til enkelte kolonnar på nattetid. Ein vil óg vurdere å sette opp hurtigbåt.

Alternativet til vedtak var å bruke om lag 33 millionar på ei mindre opprusting, men då må ein ta opp att arbeidet i full skala om få år.

Les saksdokumenta og protokoll frå møtet her (ekstern lenke)

Sjekk interaktiv kart - tunnelar må oppgraderast (ekstern lenke)