– Vi kan godta bom på Kverve for Ellingsøytunnelen, men bom i Taftasundet er ikkje akseptabelt.

Dette seier ordførar Bjørn Sandnes (H) etter møtet i formannskapet.

– Bom i Taftasundet er ikkje akseptabelt, fordi Haram vil ha bomfri køyring til flyplassen på Vigra. Vil vere med å betale for nye vegar, men i Giske er det ikkje på tale med nye bompengefinansierte vegar, seier Haram-ordføraren.

Kan ikkje godta det

Bypakken i Ålesund går mellom anna ut på at det skal kome vegbom i Taftasundet der grensa mellom Ålesund og Skodje går.

– Dette kan Giske gå med på, seier ordførar Knut Støbakk (KrF).

Han skjønar grunngjevinga for synet til Haram, men ny bom på Kverve kan ikkje Giske godta.

– Sett frå Giske si side er det greitt at den første bommen kjem på Nørve eller Lerstad, og at heile Ålesund sentrum dermed er bomfritt for folk frå øyane. Ny bomstasjon på Kverve er ikkje interessant i det heile for Giske, seier han.

Mange pendlarar

I Haram formannskap var det mykje ordskifte om denne saka, og ordføraren fekk fullmakt til å skjerpe forslaget til fråsegn som rådmannen hadde skrive.

Kvar dag pendlar rundt 1000 personar fast mellom Haram og Ålesund, og i tillegg kjem alle reisene over grensene på grunn av at Rolls-Royce Marine og Vard Group driv i begge kommunane.

Haram er uroa over at dei regionale verknadene av bompengesaka er for lite utgreidd.

Uansett går ikkje Haram med på å betale bompengar for å køyre til Giske der det ikkje er bompengeprosjekt.