Saka kjem opp i fylkesutvalet onsdag 27. mai.

Fylkesrådmannen skriv at dersom vi samanliknar den politiske organiseringa i Møre og Romsdal med andre fylke, finn vi at fylket vårt har fleire rådgjevande utval enn andre fylkeskommunar.

Det er til dømes ingen annan fylkeskommune som har eige utval for likestilling og heller ikkje for miljø.

Fylkesrådmannen ser at det er ulemper knytt til å ha så mange som 13 medlemmer i klagenemnda, men vil likevel ikkje tilrå endring av nemnda no. Å opprette eit eige utval for klagesaker vil stride mot prinsippet om ein meir effektiv utvalsstruktur som elles blir lagt til grunn i denne saka.

Når så fylkesrådmannen rår til at miljøutvalet vert lagt ned, ynskjer han samstundes at regional- og næringsutvalet overtek det meste av sakene frå miljøutvalet, inkludert utdeling av miljøprisen.

Gjør som mer enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Saker som gjeld miljøtiltak og klimatilpassing på samferdselssektoren, skal leggjast fram for hovudutval for samferdsel. Sakene miljøutvalet har innan friluftsliv blir lagt til kultur- og folkehelseutvalet, foreslår fylkesrådmannen.

Han innstiller på at både eldrerådet og rådet for likestilling av funksjonshemma held fram som separate utval som i dag.

Etter at likestillingsutvalet er lagt ned, forslår fylkesrådmannen at kultur- og folkehelseutvalet tek over oppgåvene til utvalet, inkludert utdeling av likestillingsprisen.

Arbeidsgruppe for rusførebygging skal evaluerast våren 2015. Evalueringa vil vise om det er behov for endring i organisering og samansetjing av gruppa.

Når så fylkestrafikktryggingsutvalet er lagt ned, foreslår fylkesrådmannen at oppgåvene vert lagt til samferdselsutvalet, og vidare at det vert oppretta eit administrativt trafikktryggingsråd med representantar frå Møre og Romsdal fylkeskommune, Statens vegvesen og dei som i dag er konsultative medlemmer i FTU.

Fylkesrådmannen ynskjer at plannemnd for samferdselsbygging held fram som i dag, men at talet på medlemmer vert endra frå fem til tre.