Luftambulanse og naudetatar rykka fredag ut til ei utforkøyring vest for Kjøs bru i Hornindal. Ulykka har skjedd i Skåpavika like ved kommunegrensa til Eid.

Ein bil var involvert i ulykka.

– Føraren er frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus, melde politiet i Sogn og Fjordane 20.25 fredag kveld.

– Bilen kom køyrande i retninga frå Eid. Han har køyrd ut i svingen og rulla rundt, seier lensmann Lasse Trosdahl i Stryn og Hornindal til Smp.no.

Føraren, ein mann i 40-åra, var aleine i bilen.

– Vedkomande er kritisk skadd og er flydd til Bergen, seier lensmannen.

Politiet har førebels ikkje vore i kontakt med vitne av ulykka.

Vegen var i ein kort periode stengd etter ulykka. Den er no open for trafikk.