Etter fleire års misnøye har 17 personar sagt opp stillingane sine i Herøy brann og redning, skriv Vestlandsnytt.

Dermed står kommunen nesten utan brannberedskap.

Eit fulltalig brannkorps består av 32 mann. I dag manglar det seks brannfolk, i første rekke røykdykkarar. Når 17 sluttar, vil Herøy brannvern dermed mangle heile 23 mann.

I over to år skal brannmannskapa ha forsøkt å retta opp i det dei opplever som store problem. I eit brev til lokalavisa listar dei opp fire punkt:

  • Dårleg arbeidsmiljø

  • Manglande øvingar og øvingsplan

  • Lag som ikkje er fulltalige

  • Den nye lokalavtalen blir ikkje godteken.

Rådmann Olaus Jon Kopperstad meiner at det meste av dette skal vere mogleg å løyse.

– Eg har teke initiativ til at det vert gjennomført ei arbeidsmiljøundersøking i brannvernet, seier rådmannen til Vestlandsnytt.

At det manglar røykdykkarar blir ei sak for kommunestyret 15. desember. Øvingsplanen for 2017 meiner rådmannen er tilfredsstillande.