Dei kan kome til å be om meir enn 600.000 kroner i oppreisningserstatning, skriv Bergens Tidende.

Eitt av barna er mindreårig. Dei fem andre er vaksne.

Tidlegare denne veka vart føraren tiltalt for aktlaust drap.

– Dersom retten finn bevist det som ligg i tiltalen, er det i denne saka absolutt snakk om ei større uaktsomheit enn i saker som ligg i normalsjiktet for oppreisning, seier bistandsadvokaten til avisa.

Det er ein dansk lege 40-åra som er tiltalt. Han er i Danmark og får framleis behandling for skadane han fekk i kollisjonen. Han var på veg heim frå nattevakt då politiet meiner at han i stor fart kom over i motsett køyrebane og frontkolliderte med den 49 år gamle polske kvinna.