Sommaren 2022 var kvinna i 40-åra på pub i Ålesund. Ho drakk mykje og har berre vage minne om det som skjedde, ifølgje ein dom frå Møre og Romsdal tingrett.

Politiet fekk denne sommarnatta melding om ein episode inne på puben. Eit par hundre meter unna møtte dei kvinna som passa til signalement som var gitt.

Politiet ønskte ein prat med kvinna som i dommen er omtalt som synleg rusa og vanskeleg å forhalde seg til. Ho nekta å oppgi namn og vise legitimasjon. Og ho sette seg også imot at politiet opna veska hennar for å sjå etter legitimasjon.

Då politiet likevel opna veska, blei ho svært sint og utagerande, ifølgje dommen.

Sparka målretta

Politiet har forklart at det blei nødvendig å ta tak i henne fysisk, for å føre henne mot ein politibil. For å hindre arrestasjonen skal kvinna ha spraka målretta og kraftig bakover og treft ein politibetjent i låret. Dette er ho no dømd for.

Sparket var smertefullt, noko som førte til at betjenten måtte sleppe kvinna. Dei fekk likevel raskt kontroll over henne, sette på henne handjarn, la henne på golvet i politibilen og køyrde henne til politiarresten.

Kvinna var også tiltalt for å ha spytta mot politiet inne i bilen, men dette finn retten ikkje bevis for.

Slepp å sone i fengsel

Retten har dømt kvinna til 25 dagar betinga fengsel, med to år prøvetid.

Dommen er gjort betinga fordi saka har hatt unødvendig lang liggetid. Det vil seie at det har vore ein lang periode med total inaktivitet i etterforsking og saksbehandling. Så lang tid har det tatt at det er eit brot på kravet om rettargang innan rimeleg tid.

Kvinna tilstod då ho møtte i rettssaka. Tilståinga kom altså seint, men retten meiner det likevel har ført til at ein har spart tid ved behandling av saka.

Kvinna er tidlegare dømd for vald og truslar mot politiet, noko som er kome sterkt skjerpande inn ved straffutmålinga.